Lederkurs for ungdom 2020

Publisert 09.01.2020

Føler du at du har eigenskapane til å bli ein leiar eller påta deg styreverv? Eller har du allereie ansvar i klubben men føler at du treng litt meir kjøtt på beinet? Er du mellom 15-20 år er vårt lederkurs for ungdom noko for deg!

Om kurset

Kurset førebur deltakarane på leiarverv i ulike delar av klubbarbeidet i norsk idrett. Ungdomane får relevant kompetanse til å delta aktivt der slutningane takast i dei ulike organisasjonsledda.

Kunnskapen og verktøyet ungdomane lære vil gjere det enklare å forstå og å få medansvar i eigen klubb. I tillegg til kompetansen deltakaren tileignar seg, er det fokus på sjøltillit og sjølvkjensle, og lagbygging på kurset. Andre tema kurset omhandlar er det å vere ein rollemodell, korleis gjennomføre eit prosjekt, kommunikasjon og presentasjonsteknikk. I tillegg til det faglege legg vi stor vekt på det sosiale, og vi skal bli godt kjent med kvarandre.

Kurset blir leia av vegleiarar frå Kampsportforbundet, og har ein varigheit på to helger, fredag til søndag. I tillegg kjem det ei praktisk oppgåve deltakarane må gjennomføre. Begge samlingane er obligatoriske.

Praktiske opplysningar

Kursdato til fyrste samling er 7.-9. februar, og vert avholdt på Quality Hotel Airport Gardermoen. Samling nummer 2 vert gjennomført same helg som ungdomstinget, 20.-22. mars på same hotellet.

Norges Kampsportforbund dekker reise samt kost og losji mot ein eigenandel på 2000 kroner per samling (vi fakturera klubben etter kurshelga). Sjå vår kurskalender for informasjon om påmelding. Det er førstemann-til-mølla-prinsippet, så det lønner seg å melde seg på snarast og innan 20. januar 2019!

Bli med på ungdomsprosjektet vårt!

Norges Kampsportforbund fekk i haust tildelt 950 000 kr av Ung Frivilleg Fond til eit ungdomsprosjekt knytt til arrangement. Les om dette i nettsaken vår, og send søknad om å bli med.

GÅ TIL PÅMELDING

Dersom det er spørsmål om kurset, kontakt kursansvarlig Kristiane Utheim Brown- kristiane@kampsport.no

Les kva tidlegare deltaker skreiv om kurset.