Samordna søknad og rapportering

Publisert 04.04.2016

1. april opna samordna søknad og rapportering - tidlegare idrettsregistrering.

Ny løysing for rapportering (idrettsregistrering)

Fristen for å registrere opplysingane om klubben flyttast fra 31. januar til 30. april. Dette er for å samkøyre registreringsfristen med søknadsfristen for momskompensasjon. Ved at årsmøtefristen er før rapporteringsfristen, vil opplysingane som leggast inn i registeret vere oppdatert f.eks. mtp kven som er valt inn i styret. Idrettsforbundet har laga ei side ved IT-info for detaljert informasjon rundt den nye prosedyra.

Framgangsmåte

Den tidligare verktøykassa er bytta ut til fordel for rapportering i KlubbAdmin som må brukast av alle til rapporteringa. Ein treng IKKJE å nytte KlubbAdmin til medlemsadministrasjon, og Kampsportforbundet har fortsatt si eiga løysing med kampsportspesifikk funksjonalitet som ikkje finnast i KlubbAdmin.

For å logge inn i KlubbAdmin må ein ha ein brukar i Min idrett. I ein velkomst e-post frå Min Idrett er informasjon om at ein kan nytte Min idrett til å bl.a. søke medlemskap i klubbar, betale kontingentar, treningsavgifter m.m. Funksjonaliteten gjeld kun dei som nyttar idrettsforbundet sine løysingar og bekreftast av NIF under IT-info. Kampsportforbundet har for øvrig den same, samt ytterligare funksjonalitet i sin løysing dersom klubben din er interessert.

Alle Kampsportklubbar fekk 31.03.16 tilsendt ein mail fra Kampsportforbundet med tal som skal nyttast i rapporteringa. Klubbane kan også hente tala frå «Medlemsstatistikk» under funksjonsmenyen i Kampsportforbundet sitt medlemssystem.

Følg youtube-filmen for rettleiing ved registrering av aktivitetstala.

https://www.youtube.com/watch?v=E1A2eHiEzjs

Løysinga inneheld videoar for registrering av momskompensasjon og oppdatering av styre og leiing ved aktuelle del av reg.

Årsmøteprotokoll og kobling mot Brønnøysund ved oppdatering 12. april

Ved innlogging i KlubbAdmin for å utføre rapporteringa informerast det om nedetid frå. kl. 9-12 den 12. april. Dette er antatt å skje i forbindelse med integrasjon mot Brønnøysundregisteret. Når klubben sitt styre og leiing er oppdatert i SportsAdmin og årsmøteprotokollen er lastet opp vil det gå automatisk melding til Brønnøysund for oppdatering av verv. Den automatiske oppdateringa forutsett at alle som registrerast med verv har validert sin brukar i Min idrett med fødsels- og personnummer.

Årsmøteprotokoll lastast opp under dokumentfana i SportsAdmin. Protokollar lasta opp før 12. april er ikkje behov for å lastast opp på nytt etter oppdatering.

 

Spørsmål og brukerstøtte

Ved spørsmål vedrørande Min idrett eller KlubbAdmin kontakt NIF-support 03615 eller per mail: support@idrettsforbundet.no.

Har de andre spørsmål kontakt oss på post@kampsport.no eller 9820 KAMP (2067).