Framtidas leiara samla på Gardermoen

Publisert 15.02.2019

Nye, unge og lovande ungdomsleiara starta førre helg sitt utdanningsprogram Lederkurs for ungdom.

Kurset er eit tredelt kurs med to samlingar og ei praksisoppgåve som skal gjennomførast i eigen klubb på ca 3 mnd.

På årets kurs deltek 24 ungdomar frå heile landet. Aldersspennet på deltakarane er frå 15 til 22 år, med ulik erfaring og idrettsbakgrunn.

Vil du følge med på ungdomsaktiviteten i NKF? Følg NKF_ung på Instagram.

Parallelt med kurset for ungdomane hadde den ferske Ungdomskomitéen til forbundet planleggingshelg, samt at det vart gjennomført Seksjonsstyrekurs i karate- og jujutsuseksjonen. Det var med andre ord ei helg med mykje kompetanse samla, og mange gode tankar og idear som vart diskutert.

Kursansvarleg for Lederkurs for ungdom og Seksjonsstyrekurset hhv. Kristiane Utheim Rygg og Martin Nielsen.