Flyktningfondet til NIF er opna!

Publisert 15.02.2016

Søknadsfrist er 13. mars

NIF sitt flyktningfond

Det har kome inn midlar til NIF sitt flyktningfond frå IOC, Gjensidigestiftelsen og Kulturdepartementet. Over 3 millionar kroner skal fordelast på idrettslag rundt om i Noreg. Laurdag 13. februar opna fondet att, og alle idrettslag kan søkje om inntil 25.000 kroner til ulike tiltak.

Idrettsstyret opna NIF sitt flyktningfond i september 2015. Med midlar frå NIF sin eigenkapital, Inkludering- og Mangfoldsdirektoratet og Kavlifondet mottok 92 idrettslag midlar for å bidra med aktivitet på mottak eller å inkludere nye busette i det lokale idrettslaget. Rapportane viser at midlane frå fondet har skapt mykje aktivitet over heile landet. Over 3000 flyktningar har blitt aktivisert gjennom fondet. Dei fleste idrettslag skal vidareføre aktiviteten som blei sett i gang.

Alle idrettslag kan søke om inntil 25 000 kr til

–              Idrettsaktivitet i flykningsmottak

–              Inkludering i idrettslaget

 

For kampsportklubbar og ordinære idrettslag søk her.

Søknadsfrist for NIFs flyktningfond er 13. mars.

 

Les meir på NIF sine heimesider.

 

Kontakt Norges Idrettsforbund dersom det er spørsmål om flyktningfondet:

Anja Veum, utviklingssjef – anja.veum@idrettsforbundet.no

Radineh  Omrani, fagkonsulent integrering – Radineh@idrettsforbundet.no

 

 

UDI

UDI skal fordele inntil 60 millionar til aktivitet for barn i asylmottak i 2016. Her kan frivillige organisasjonar og ikkje-kommersielle aktørar kan søkje om midlar.  Her er søknadsfristen 1. mars 2016.

Målet med tilskotordninga er at barn i norske asylmottak skal ha ein meiningsfull kvardag, og ein så normalisert barndom som mulig innan rammane av eit asylmottak. Barn skal gjennom aktivitetane vere i fysisk aktivitet, tileigne seg ferdigheiter, samt få auka meistringskjensle.

Dei tiltak som elles ikkje er tilgjengelege for barna sitt nærmiljø vert prioritert. Det er også positivt dersom aktivitetane er nyskapende, gjev god respons blant barna, sikrar eit differensiert tilbod for flere aldersgrupper, og pågår over eit tidsrom.

Les meir om reglar og søknadsprosess på UDI sine sider.