Lederkurs for ungdom 2018

Publisert 09.01.2018

Føler du at du har eigenskapane til å bli ein leiar eller påta deg styreverv? Eller har du allereie ansvar i klubben men føler at du treng litt meir kjøtt på beinet? Er du mellom 15-20 år er vårt lederkurs for ungdom noko for deg! Fyrste samling er 9.-11. februar.

Om kurset

Kurset førebur deltakarane på leiarverv i ulike delar av klubbarbeidet i norsk idrett. Ungdomane får relevant kompetanse til å delta aktivt der slutningane takast i dei ulike organisasjonsledda.

Kunnskapen og verktøyet ungdomane lære vil gjere det enklare å forstå og å få medansvar i eigen klubb. I tillegg til kompetansen deltakaren tileignar seg, er det fokus på sjøltillit og sjølvkjensle, og lagbygging på kurset. Andre tema kurset omhandlar er det å vere ein rollemodell, korleis gjennomføre eit prosjekt, kommunikasjon og presentasjonsteknikk. I tillegg til det faglege legg vi stor vekt på det sosiale, og vi skal bli godt kjent med kvarandre.

Kurset blir leia av veileiarar frå NKF, og har ein varigheit på to helger, fredag til søndag. I tillegg kjem det ei praktisk oppgåve deltakarane må gjennomføre. Begge samlingane er obigatoriske.

Praktiske opplysningar

Kursdato til fyrste samling er 9.-11. februar, og vert avholdt på Holmsbu Hotel & spa (felles transport frå Gardermoen). Samling nummer 2 vert avholdt 13.-15. april (lokasjon er ikkje bestemt).

Norges Kampsportforbund dekker reise samt kost og losji mot ein eigenandel på 1500 kroner per samling. Sjå vår kurskalender for informasjon om påmelding og pris. Det er førstemann-til-mølla-prinsippet, så det lønner seg å melde seg på snarast og innan 1. febuar 2017!

GÅ TIL PÅMELDING

 

Les kva tidlegare deltaker skreiv om kurset.