Leiarkurs for ungdom

Publisert 12.01.2016

Norges Kampsportforbund arrangera leiarkurs for ungdom vinter og våren 2016.

Om kurset

Leiarkurs for ungdom er eit kurs for ungdom i alderen 15-19 år. Kurset førebur deltakarane på leiarrverv i ulike delar av klubbarbeidet i norsk idrett. Ungdomane får relevant kompetanse til å delta aktivt der slutningane takast i dei ulike organisasjonsledda.

Kunnskapen og verktøyet ungdommen lære vil gjere det enklare å forstå, og få medansvar i eigen klubb. I tillegg til kompetansen deltakaren tileignar seg, er det stort fokus på sjøltillit og sjølkjensle, og lagbygging på kurset. Innhaldet i kurset er delt inn i følgende moduler:

  • Lagbygging
  • sjøltillit og sjølkjensle
  • Leiing og leiarrolla
  • Ungdom i sentrum
  • Idretten som organisasjon
  • Arbeid- og endringsverktøy
  • Kommunikasjon
  • Retorikk
  • Coaching

Kurset blir leia av veiledere frå NKF, og varigheita er to helger, fredag til søndag, med ein praktisk oppgåve mellom samlingane.

Påmelding opnar 15. oktober med fyrstemann til mølla-prinsipp.

 

Praktisk informasjon

Følgjende helger er sett av til kurs:

12.-14. februar
15.-17. april

Samlingane vil vere på Quality Airport Hotel Gardermoen.

Kostnadar for to helger er ein eigenandel kr. 1.500,- pr. person per samling. Dette inkluderer transport og overnatting med fullpensjon.

Det anbefalast at klubben stiller med to representantar som blant anna kan jobbe saman om prosjektet som skal gjennomførast mellom samlingane. Dersom klubben berre har ein representant går dette også fint.

Ved påmelding må deltakarane oppgje ein mentor som kan vere tilgjengelig for diskusjon og hjelp mellom og i etterkant av kurset.

Påmelding skjer her gjennom spørreskjema hos vår samarbeidspartner SurveyXact, med påmeldingsfrist 24. januar.

 

Ta kontakt med administrasjonen dersom det er spørsmål om kurset.