Om oss

Vi skapar vinnarar!

Kva du kanskje ikkje veit om oss?

Norges Kamsportforbund ønskjer med slagordet «vi skapar vinnarar» å bidra til at alle medlemmane våre får like muligheiter til utvikling, om målet er sjølvutvikling, sjølvforsvar eller konkurranse.

Kampsportforbundet er eit fellesskap som famnar om ei rekkje kampsportar og ideologiar. Ved å vere medlem hjå oss har medlemsklubbane muligheit til å nytte seg av eit spekter av tilbod, både for aktivitet og organisatorisk. Det daglege arbeidet vårt omfattar i stor grad å  leggje betre til rette for kampsport lokalt og nasjonalt, slik at våre medlemsklubbar har best mulig vilkår for utvikling.

Som medlemsklubb kan dykk nytte dykkar av våre gunstige avtalar med ulike leverandørar og relevante kurs og utdanningar. I tillegg jobbar vi for kampsporten sitt omdømme og utbreiing, samt å gje medlemsklubbane gode rammevilkår – god økonomi, dedikerte anlegg, nødvendig utstyr og riktig kompetanse.

Kampsportforbundet vil ha fleire med på laget, og bistår alle medlemsklubbar med nødvendig hjelp i samband med oppstart av ny klubb.

Administrasjonen kan også hjelpe deg med å finne din næraste klubb dersom du er ny og vil prøve kamsport.