Lederkurs for ungdom 2017

Sett av 10.-12. februar og bli med på kurs!

Publisert 02.02.2017

Føler du at du har eigenskapane til å bli ein leiar eller ta på deg verv i styret, eller har du allereie ansvar i klubben, men føler du treng litt meir kjøtt på beinet? Er du mellom 15-19 år er Lederkurs for ungdom noko for deg!

Om kurset

Kurset førebur deltakarane på leiarverv i ulike delar av klubbarbeidet i norsk idrett. Ungdomane får relevant kompetanse til å delta aktivt der slutningane takast i dei ulike organisasjonsledda.

Kunnskapen og verktøyet ungdomane lære vil gjere det enklare å forstå, samt å få medansvar i eigen klubb. I tillegg til kompetansen deltakaren tileignar seg, er det fokus på sjøltillit og sjølvkjensle, og lagbygging på kurset. Andre tema kurset omhandlar er det å vere ein rollemodell, korleis gjennomføre eit prosjekt, kommunikasjon og presentasjonsteknikk.

Kurset blir leia av veileder frå NKF, og med varigheit på 20 timar – fredag til søndag. I tillegg kjem det ei praktisk oppgåve deltakarane må gjennomføre.

Praktiske opplysningar

Kursdato: 10.-12. februar, Comfort RunWay Hotell Gardermoen

Norges Kampsportforbund dekker reise samt kost og losji. Sjå vår kurskalender for informasjon om påmelding og pris. Det er førstemann-til-mølla-prinsippet, så det lønner seg å melde seg på snarast og innan 3. febuar 2017!

GÅ TIL PÅMELDING

Informasjon om oppfølgingssamling kjem seinare.

Les kva tidlegare deltaker skreiv om kurset.