Informasjon til nyvalde klubbstyre

Publisert 16.05.2017

Frist for årsmøte og samordna rapportering er ute, og klubbar rundt omkring har nyvalte styrer.

Følgande er ei kort oversikt over det vi kan tilby til styrer, klubbar og medlemmar.

Medlemssystem
Vi minner om at alle klubbar må oppdatere styret i Medlemsportalen. Brukermanual finn de ved innlogging. I systemet skal alle som er valt inn i klubben sitt styre vere registrert. Alle registrerte medlemmar er dekka av vår forsikring gjennom Tryg. For å nytte seg av dei tilboda vi har må ein også vere registrert i Medlemsportalen.

Betalingsløysing
Forbundet sitt medlemsverktøy, Medlemsportalen, er ei komplett medlems- og betalingssystem med stor grad av automatisering. Betalingsdelen baserast på månadlege trekk på avtalegiro av treningsavgift, og årleg trekk av årskontigent til klubben. Inntil medlemmet har teikna avtalegiro sendast månadlege faktura på e-post. Fakturering og purring gjerast dagleg. Innlesinga gjerast av forbundet kvar fredag, men pengane går til klubben sin konto når medlemmet betalar.

Det kostar ikkje noko for klubbane å ta i bruk betalingsløysinga.

Trenar- og leiarutdanning
På våre nettsider finnast informasjon om dei ulike utdanningstilboda vi har.

NKF gjennomfører Trenerutdanning der vi tilbyr trener 1 (2 delar) og trener 2 (3 delar). Begge utdanningsløpa er knytt til e-læring og praksis i eigen klubb.

Forbundet har utvikla ein lederstige som er retta mot dei som har styreverv i klubben og dei som ønskjer å ta på seg styreverv på sikt. Her finnast kurs på 3 ulike nivå, i tillegg til Lederkurs for ungdom (t.o.m. 19 år).

I kurskalenderen legg vi kontinuerleg ut kurs – følg med her.

Som ein del av likestillingsarbeidet forbundet er i gang med vil kvinner som er medlem i klubb knytt til Norges Kampsportforbund, få gratis kurs i 2017.

Klubbens styrearbeid i praksis
Vi anbefalar alle nyvalte styremedlemmar å gjennomføre kurset Klubbens styrearbeid i praksis. Dette er eit kurs som både idrettskrets og NKF tilbyr.

Konkurransetilbod
Vi tilbyr konkurransar i fleire av idrettane i Kampsport. Våre konkurransar vert approbert i terminlista vår. For innlogging skal klubben ha fått tilsendt brukernavn og passord.

NB! Viktig at dette ikkje vert endra.

Dersom klubben ikkje har fått dette Kontakt administrasjonen.

Hotellavtale med Nordic Choice
Skal klubben ut å reise, eller har du andre reiser? Norges Kampsportforbund har avtale med hotellkjeden Nordic Choice. Comfort, Quality og Clarion Collection er hotell som inngår i denne kjeden. Nytt rabattkode 65485 for å få reduserte prisar for reisa di.